Rekneskap
Administrasjon
Rådgjeving
Ask Administrasjon AS tilbyr rekneskapstenester, administrative tenester og rådgjeving til små og mellomstore bedrifter. Som autorisert rekneskapsførarselskap er vi med i Regnskap Norge og Norges Bondelag.
VÅRE TENESTER
  • Bokføring/bilagshandsaming
  • Betalings- og fakturatenester 
  • Lønsarbeid 
  • Avstemming
  • Rapportering (inkl. MVA og A-melding)
  • Årsavslutning (inkl. Skattemelding)
  • Utarbeiding av administrative rutinar   
  • Prosjektleiing (t.d. ved nyetablering, omdanning og avvikling)
OM OSS
Som autorisert rekneskapsførarselskap pliktar vi å vere ajour med det siste innan skatterett og andre lover og forskrifter. Vi vil levere tenester som gjer at du kan få mest mogleg nyttig informasjon til beste for bedrifta di.

Vi har samarbeidsavtale med Noregs Bondelag og er medlem i Regnskap Norge. Vi deltek jamt på kurs og seminar for å vere best mogleg fagleg oppdaterte.

Rekneskapsbransjen er i ei rivande utvikling, og vi er opptekne av å ta i bruk dei siste og mest effektive metodane for å gjere ein nøyaktig og god jobb.
TILSETTE
Ragne Ørstavik Sørheim
Dagleg leiar og autorisert rekneskapsførar
Ragne har master i styring og leiing. Ho har lang administrativ røynsle frå offentleg og privat verksemd.
+47 406 32 752
ragne@askadmin.no
Fredrik Mork Håskjold
Autorisert rekneskapsførar
Fredrik har 45 års erfaring frå bransjen.
+47 911 85 775
Per Arne Saure
Rekneskapsførar
Per Arne har ført rekneskap sidan 1981og har vore tilsett hjå Fredrik Mork Håskjold i over 20 år.
+47 974 76 441
perarne@askadmin.no
Gry Olsson
Rekneskapmedarbeidar
Gry har Bachelor i rekneskap og revisjon, og skal søkje om autorisasjon så snart praksiskravet er fullført.
+47 450 66 021
gry@askadmin.no
Yngvild Sørheim
Rekneskapmedarbeidar
Yngvild har m.a. studert matematikk og er i gong med vidare studiar i økonomi og rekneskap.
+47 458 34 412
yngvild@askadmin.no
TILPASSA LØYSINGAR
Bruk av Agro Økonomi gjer at vi kan jobbe raskt og effektivt, samstundes som vi leverer tenester av høg kvalitet. Som kunde vil du få løysingar som er tilpassa dine behov og vi gir deg ein dedikert kontaktperson. Om du vil, kan du få alt i skya eller alt på papir, - slik det passar best for deg. Vel du ei skyløysing, kan du logge deg på kvar og når du vil, også med mobil.

Programvaren Agro Økonomi gir deg tilgang til ei komplett økonomistyring. Agro Økonomi vert vidareutvikla i samarbeid med Tripletex (begge eigd av Visma) og Tripletex AS utviklar og forbetrar bransjens mest framtidsretta økonomisystem.
Pålogging til Agro24 her:
KONTAKT OSS
Ask Administrasjon AS
Hamnegata 20, 6100 VOLDA
Org. nr. 823 844 492 MVA
Bankkonto 3991.11.95406 
+47 70 23 98 70
post@askadmin.no